Rakiura nasjonalpark
Rakiura National Park er eit naturreservat på Stewart Island/Rakiura på New Zealand. Det er den 14. av nasjonalparkane på New Zealand, og vart offisielt opna 9. mars 2002. Han dekkjer eit areal på 1 570 km², det er om lag 85 % av Stewart Island, den tredje største øya på New Zealand. Parken omfattar ikkje det bymessige området kring Halfmoon Bay (Oban), ein del vegar, og såvel privat eller maori-eigd land lenger innover i landet. Parken er sett saman av eit nettverk av tidlegare naturreservat, andre verna område og statlege skogar.
Read article